Medlem av
Norges Korforbund

Fana Mannskor

Minneord

Vi fulgte vårt æresmedlem Alf Egeland til hans siste hvilested fra Fana kapell den 2. februar 2010. Vår formann Svein Hillesøy fremførte disse minneord ved begravelsen.

På vegne av Fana Mannskor vil eg framføre nokre ord til minne om vår sangerbror og æresmedlem i koret, Alf Egeland.

Eg vil kondolere familien med hans bortgang og takka for at me vart invitert til å visa han den siste æra.

 

Som mange veit så vart koret stifta den 11.11.1941 etter initiativ frå Fana Ungdomslag og Alf byrja i koret den 18.11 same år, dvs. på den andre øvinga som var i koret. Sigmund Skage var koret sin første dirigent og Alf gjekk inn på 1. tenor der han vart verande til han slutta å gå på øvingar for ein 5-6 år sidan.

 

Dette gir rundt 65 år som aktiv sanger og det er ikkje mange som kan visa til maken. Det er mest utruleg at då eg byrja i koret i 83 hadde han alt vore med i nærare 40 år.

 

Alf fekk vera med i koret sine glansdagar i 60-70 og 80-åra og han fekk oppleva mykje gildt i koret; konsertar, andre arrangement og turar i inn- og utland.

 

Han var ein habil 1.tenor, som av ein seinare dirigent, fekk attesten at han sang reint og heldt tonane godt. Han har fått alle heiderstegn som koret kunne gje han og han vart til sist heidra med æresmedlemskap i koret.

 

Me var glade i Alf og i koret hadde var han eit sosialt menneske med eit roleg vesen som var interessert i sine medsangere og deira ve og vel. Me veit og at Alf var glad i Fana Mannskor og eg vart mest rørt då eg fekk vita at han skal begravast med sangerlua på brystet.

 

Me er og takksame for at me fekk gitt han ein siste hyllest med sang på Hordnestunet no før jul. Me visste ikkje då at det var siste gong me fekk sjå han i live.

 

På vegne av Fana Mannskor vil eg få bringa ei siste helsing til Alf si båre og lysa fred over hans minne.