Minneord
Vi fulgte - for andre gang på kort tid - et av korets æresmedlemmer til graven. Den 9. juli i år ble Arnfinn Hovland stedt til hvile fra Fana kyrkje, og i denne forbindelse overbragte Ludvig Korsøen en siste hilsen fra Fana Mannskor.
Til Arnfinns båre, 9. juli 2010 i Fana Kyrkje.
Kjære Tulla, familien elles og alle gode venner av Arnfinn!
Det er med sorg og stor respekt at FM igjen følgjar ein av sine å grundere til Fana Kyrkje. Denne gongen er det Arnfinn, og vi vil gjerne uttrykke vår medkjensle til familien som alltid har stått koret nær, og støtta Arnfinn i sitt svært iherdige arbeid for koret.
Den sterke, god bassen hans er taus no, og det er uvanleg for oss som kjende han så godt. Han var ein riktig glad sanger i koret vårt og i mange slags lag elles. Vi trur alle på at syng vi nok så kan vi bli like gamle som han vart, for songen gjev styrke. Slik er vårt motto.
Arnfinn sitt virke i FM er omfattande. Gjennom meir enn 50 år i korsongens virke, har han innehatt dei fleste tillitsverv og har hausta ros og heider, var æresmedlem med alle æresbevisninger som vi har.
Sist koret møtte han var på Skjoldtun i vinter, der han med begeistring lydde på oss og som sedvanleg kommenterte songen med sitt smil og glimt i auga.
Det var alltid triveleg å være nær Arnfinn, for oss sangere så vel som for borna våre. Son vår, som er over 40, sa i forgårs: Arnfinn ja, det var han som lærde oss å syngja "No har vi vaska golvet....."
Eg har også ei varm helsing frå Liedetafel, vårt vennskapskor i Schleswig Holstein, der Arnfinn var ein høgt verdsett person. Hans språkkunnskap og gode lynne skapte vennskap og band som enno er sterkt levande.
Denne blomsteroppsatsen er ei takk og siste helsing frå hans sangervenner i FM.
Arnfinn sine spor i FM vil alltid bestå og hans minne vil leva lenge. Fred over hans minne!

